Åkra-info

Åkrasanden

- eller sandane

-----------------

Ei historisk vandring i eit storslått naturområde

På sørvestsida av Karmøy finn me fleire sandstrender. Den største av dei, Åkrasanden, ligg rett sør for Åkrehamen. Eigentleg er Åkrasanden samansatt av fleire strender som ligg på rekkje og rad i ein stor boge, delt opp av nes som stikk ut i sjøen. Alle desse strendene har eigne lokale namn, og ut frå desse kan me dela dei inn i 10 avgrensa strandområde som strekkje seg frå Liknes i sør til Stongneset i nord-vest.

På fine sommardagar blir Åkrasanden invadert av solhungrige flokkar frå både Karmøy og Haugalandet, og det kan koma fleire tusen badegjester på dei finaste dagane. Men så er det heller ikkje for ingenting at Åkrasanden har status som ei av dei flottaste sandstrendene i Norge. Som turområde er det og svært mykje brukt, og turistane har for lengst fått augene opp for dei kvite strendene og sanddynene som møter havet her vest.

Gjennom alle tider har dette området truleg hatt den same dragnaden på folk som det har i dag, men det var nok ikkje berre rekreasjon som var grunnen til at forfedrane våre tok turen ned til desse strendene.

-----------------

Åkrasanden som ressurs

Dyrefor, matauk, og medisin

Dei talrike sanddynene og tarevollane som blir skylte på land gir grunnlag for ein svært artsrik og spesiell flora. Dette visste dei å utnytte på ein heilt annan måte før i tida enn vi gjer nå i dag. Her fann dei godt beite og mange ulike forplanter til husdyra sine. Dei hadde både sau, storfe og hestar gåande på beite her. Men ein kunne óg finne planter som var viktige som mat for folk. Her veks det til dømes store mengder tangmelde og gåsemure som i uminnelege tider har vore brukte til menneskemat. Her veks og sandrug som vi veit har vore brukt til matkorn på Island heilt opp til vår tid. I tillegg har dei funne mange urter som har vore viktige som medisin. Sjørbuksurt fortel med namnet sitt om buken, og det same gjer blodtopp som blei brukt mot blødningar. Andre planter vart brukt til krydder både i mat og drikke, til dømes karve og mjødurt. Ein kunne óg finna planter med "større krefter" og difor kunne brukast til trolldom. Gulmaure er ei slik plante - den blei lagt i vogga for å verne barnet mot trollskap.

Brensel

Langs strendene vil det i løpet av året bli skylt i land ein god del trevirke, og mange har gjennom åra hatt fast rute langs stranda for å hente brensel til hushaldet. Var dei ekstra heldige kunne dei koma over større emne som kunne brukast både til å reparere båten og til nytt tak på naustet. Havrekster har gjennom alle tider vore ein viktig ressurs på denne skogfattige øya.

Agn og fiske

Nede i sanden lever fjøremarken, og fiskaren visste at eit bedre agn på linekrokane skulle ein leite lenge etter. Marken blei tatt opp anten med spade eller med ei tilje som ein stod oppå medan ein vagga fra side til side. På den måten blei marken skylt opp av sanden. Stranda var og ein god plass for fiskarane å dra opp båtane sine. I nord-vest ved Stongneset kan ein fleire stader finna rester etter gamle båtnaust som vitnar om sjøretta verksemd i tidlegare tider. På den kvite, fine sandbotnen var det lett for fiskaren å få auge på flyndra gjennom ein vasskikkert, og dermed kunne han sleppe ned det tunge loddet med tindar og mothakar på slik at flyndra blei hengande fast.

Gjødsel

Dei enorme tarevollane som blir kasta på land i storm og uvér har tideligare vore ein viktig ressurs for bøndene i området. Det var alltid eit stort behov for gjødsel, og bøndene fann tidleg ut at taren var ei framifrå hevd som fekk på avlinga. Taren inneheld store mengder mineral,og i tillegg får jorda større evne til å halde på råmen, noko som var viktig på den lause sandjorda i området. Taren blei henta med hest og kjerre i strandkanten og køyrt direkte ut på jordene,- eller dei lot han liggje ei stund i komposthaug først. Saman med husdyrgjødsel blei dette ei svært god gjødselblanding som blei så populær at det tidleg blei nødvendig å regulere tarehentinga for at alle skule få. Eit minne fra den tida er den gamle tarevegen som gjekk ned til stranda. Me finn han i dag som ei renne mellom Idrettssanden og Andresanden.

Tarebrenning

På 1600-talet fann dei ut at taren kunne utnyttast på ein annan måte. Taren blei tørka og sett fyr på, og oska vart brukt til framstilling av soda og seinare jod. Nordmennene lærte dette av skottane, og oska blei i starten sendt til Skottland for å bli soda til glasindustrien. Seinare var det jodframstilling som tok over, og me fekk fleire jodfabrikkar her i landet. Her i distriktet leverte dei først tareoska til Stavanger-kanten, men seinare kom det og fabrikker på Karmøy. Denne verksemda var ei kjærkomen attåtnæring for mange langs kysten, og var i drift frå ca 1700 til 1930.

Sandhenting

Sanden på desse strendene er ei blanding av skjellsand og morenesand. Det store innslaget av skjell gir sanden den fine, kvite fargen. Av og til kom det skuter til Åkrasanden frå Bergen. Dei kjøpte opp skjellsand som blei seld frå kaien i Bergen i skjepper. Sanden blei brukt til å ha på golvet for å binde skit og søl frå matlaginga og annan arbeid. Etter ei stund vart sanden sopa saman og bytta ut. Dei brukte óg sanden til skuresand når tregolvet skule bli skikkeleg reine. Sanden blei og brukt som ballast i skutene. Bøndene rundt om på Karmøy kom til Åkrasanden for å henta sand som blei brukt til jordforbedring omkring på gardane. På 1870-talet var det eit klårt oppsving i jordbruket på Karmøy, og i amtmannsberetninga frå 1876 til 1880 les vi:

Karmøens jordbruk har også gunstigere betingelser for sin udvikling end de fleste distrikter i amtet. Jordbunden er i almindelighed god, hele øen rundt haves tilgang af tang, de rige skælsandsleier ved Akre og andre steder leverer et virksomt jordforbedringsmiddel, der, efterat Karmøen har fået gode veie, er tilgjengeligt for hele øen.

-----------------

Åkrasanden som problemområde

Sandflukt

Det kan sjå ut som om sandstrendene på Vest-Karmøy berre har vore til velsigning for folket her, men studerer ein matriklane frå 16-og 1700-talet, vil ein kunna finna mange døme på at strendene og var opphav til mange problemer.Når det blei stor slitasje på vegetasjonen i sanddynene av f.eks. overbeite og ferdsel, kunne vinden lettare få tak i sanden. Dermed kunne han fyke opp i uroleg vér og leggje seg i tjukke lag over åker og eng. Dette førte mange gonger til alvorleg skade både på avling og åkerland, og i somme tilfelle måtte åkrane legjast brakk.

Minefelt

Under 2.verdenskrigen meinte tyskarane at strendene på Vest-karmøy var laglege for invasjon frå dei allierte styrkane. Dette førte til at tyskarane bygde ut eit omfattande invasjonsforsvar på Karmøy. På Åkrasanden blei det lagt ut landminer og piggtrådsperringar som skulle hindre landgangs-fartøy å setja soldatar i land. Det var sjølsagt uråd å bruke strendene i denne tida, og sjølv lenge etter at strendene var rydda kunne ein stundom finna miner i sanden. I dag ser vi fleire stader restar etter bunkersanlegg og mitraljøsestillingar i området.

Søppel

søppel

Elevar på Åkra ungdomsskole har satt fokus på søppel på stranda.

Dei har også eit prosjekt som heiter "Hold stranda ren" (med registreringar av funn).

-----------------

Åkrasanden i dag

Rekreasjon

I dag finn me ikkje lenger nokon som hentar brensel eller tare på Åkrasanden. Det er heller ingen beitande husdyr å sjå på slettene innafor sandstrendene, eller nokon som leitar etter makk til line-agn i fjøra. Men folk finn du her,- kvar einaste dag. Gjennom heile året er området eit svært populært rekreasjonsområde. For turgåande har kulturetaten i kommunen tilrettelagt ein kultursti som går frå Åkra til Ferkingstad. Til denne turløypa er det utarbeidd eit hefte som fortel brukaren kva området har å by på. I den seinare tid er det fleire nye aktivitetar som har funne sin plass her på Åkrasanden.

Brettseiling

Uansett vær - og sommar så vel som vinter - vil du kunna finna folk i sving med brett og rigg i bølgene på Åkrasanden. I det siste ti-året har det lokale brettseilarmiljøet vakse seg sterkt og livskraftig, og fleire seilarar har hevda seg heilt i toppen. Stranda har på desse åra vunne ry som ei av dei beste brettseilar-strendene i Europa, og det har vore arrangert fleire store meisterskap her, både Noregs-cup og NM. Det er særleg dei gode vindforholda og den høge temperaturen gjennom heile året som gjer området så unikt. I tilegg til brettseilinga har óg vannskisporten svært gode forhold i området, og kano- og kajakk-padling like eins. Ein annan ny aktivitet på stranda er strandvolleyball. Denne aktiviteten er knytta til sommarhalvåret, og det blir arrangert turneringar som dreg til seg ungdom frå heile øya.

Botanikk

Me kjem ikkje utanom botanikken på Åkrasanden. Den er heilt spesiell. I sommarhalvåret finn me sanddynene dekka av blomsterenger som blir dominerte av blodstorknebb, gulmaure og fagerknoppurt. Ein kan ikkje unngå å kjenna den særmerkte angen frå gulmauren som minnar litt om honning. Det kalkrike jordsmonnet og det milde kystklimaet er årsaka til at me i dette området finn svært mange sjeldsynte planteartar, og det vil difor vera eit eldorado for den planteinteresserte.

Fugleliv

Åkrasanden er eit viktig mellomlandingsområde for fleire fugleartar på vår- og hausttrekk. Her, i tang- og tarevollane på stranda, finn dei mat i massevis og kan fylla opp "tanken" før turen går videre. Allereie i august set hausttrekket inn for fullt. Dei grunne områda utanfor strendene er viktige overvintringsområder for store flokkar av andefuglar, og når hauststormane set inn kjem både alkefuglar, skarv, lommar og dykkarar inn for å overvintra. Åkrasanden har mykje å by på for den som er interessert i ornitologi.

Biletkunst

Åkrasanden har lenge gitt inspirasjon til kunstnarar både i lokalmiljøet og til folk utanfrå, og ikkje sjeldan ser me folk med staffeli eller skisseblokk som vandrar rundt i området på jakt etter det perfekte motiv. Motivrikdommen er stor, og kunstnaren kan verkeleg boltre seg mellom fargerike solnedgangar,spegelblankt hav, sjø i vilt opprør, grått berg som møter kvit sand og blømande sanddyne-enger i raudt og gult. Her er noko for ein kvar smak.

bilete av sandane


[ Hovudside | Åkrabuar | Om Åkra | Eigen epost? | Lenker | Gjestebok ]
www@akra.rl.no